Det er som om heile den nordiske sommaren er fanga inn i desse små, lysande buntane, synest eg! Kvar av dei veg berre 20 gram, er alle litt ulike i nyansane, og luktar deilig av lanolin og frisk luft. For dette er rein, finsk saueull (altså 100% suomenlampaan villalanka), handfarga av Leena Riihalä (blogg), med sopp og planter funne langs dei finske skogane.
Og kva med puikkokoko ...? Det vil seie: kva er passande pinne-størrelse? Eg valde 2,5 mm! For no er eg i gang:
Svensk oppskrift, finsk garn, norsk strikkedame:
Eg måtte berre prøve ut alle Riihivilla-fargane - på éin gong!
Oi, det vart kanskje litt for mykje av det gode ...? Om denne votten blir ferdig kjem han i alle fall til å lyse opp i vintermørkret!
i morgon, fredag 1. november frå kl 20.05,
med oppstart i "Norge rundt" på NRK1 kl 19.40.
Meir info m.a. her (nrk.no)
med oppstart i "Norge rundt" på NRK1 kl 19.40.
Meir info m.a. her (nrk.no)