Les gjerne også Vottelaugets fellesblogg:

14. februar 2011

HJARTELEG HELSING - Valentine greeting

Vel, Valentin-feiringa er i grunnen noko overflatisk og kommersielt kliss, hausa opp av handelsstanden slik at endå fleire pengar kan flyte... Men likevel, eg seier gjerne ja takk til ein dag som hyllar kjærleiken, og sidan eg ikkje kan forme meg sjølv om til eit hjarte (slik som Barbapapa), laga eg i staden nokre eg-tenkjer-på-deg masker i raudt, som til slutt vart til ei hue. Vonlegvis vil ho varme både hjarte og øyre til mottakaren. 


Dette vart sanneleg eit sidelengs strikk igjen, med forkorta rader (short rows), som laga "bulken" i midten, og såleis forma hua. Garnet er ei luksuriøs sak som eg her har prøvd ut for første gong: Debbie Bliss "Andes", ein mix av babyalpakka og morbærsilke. Slett ikkje billeg, men mjukare enn det mjukaste hjarte. Altså mottakaren verdig :-)


Oppskifta eg fann er tenkt til skikkeleg tjukt garn (Eskimo) og pinne nr 8! Eg ville ikkje ha ei så "hengete" hue, men meir ei i alpe-hue-stil, så eg halverte både pinnenr og garnlengde, og dette funka fint. Eg vart likevel litt bekymra for at hua skulle bli altfor kort, så i staden for å snurpe saman toppen som oppskrifta sa, tok eg heller opp masker og strikka vidare, no i sirkel, medan eg felte gradvis. Hua seig i vask, så truleg var denne ekstra glattstrikk-"kalotten" unødvendig - hua ville nok ha vorte djup nok uansett. 


oppskrift: Drops lue (gratis oppskrift) (eg la opp 32 masker)
garn: Debbie Bliss "Andes" (65% babyalpakka, 35% morbærsilke)
100 m - 50 gr (eg brukte totalt 65 gram)
farge: ruby (nr 08)
pinnar: 4 mm (truleg betre med 3,5 mm)

4 kommentarer:

  1. Kjempefin lue! Hvor har du faatt tak i Debbie Bliss-garnet? Nydelig farge :-)

    SvarSlett
  2. Til frk henriksen: Ja, fargen er endå finare "live" enn på fotoa (synest eg) - her på bloggen ser hua nesten juleraud ut, men ho er mørkare og varmare: og så heiter fargen også passande nok rubinraud ("ruby").

    Garnet kjøpte eg i utlandet (Tyskland), eg veit ikkje om nokon sel Debbie Bliss Andes i Norge? Kanskje andre som veit? Etter ein rask sjekk på nettet fann eg berre Debbie Bliss under pinnsvindesign.no (men då andre DB-garn). Eg ser du bur i Lima, og garnet er faktisk laga i Peru, men kanskje blir det meste eksportert, slik at folket der ikkje får nyte godt av eigne ressursar...?

    Den første hua i same oppskrift strikka eg i blå SilkBlend (silke&merinoull) frå Manos del Uruguay, eit garn som liknar Andes veldig i tjukkelse og struktur (men er altså ikkje alpakka). Eg synest SilkBlend heldt betre på fasongen, og hadde eit fint fargespel fordi det er ujamt farga - og eit anna pluss (for meg) er at det no vel er Fairtrade-sertifisert :-) Men eg fann ikkje nokon passande raudfarge, så dermed valde eg DB Andes denne gong!

    SvarSlett
  3. Du har helt rett, det meste av garnet her blir eksportert. Det er overraskende vanskelig aa finne garn for haandstrikk! Jeg har funnet noe paa markedene her i Lima, men det er saa ymse hva de inneholder. Mye er tilsatt akryl :-( Akkurat som deg foretrekker jeg de rene naturkvalitetene --- mye bedre!

    Mulig det er lettere aa finne i de mindre byene, faar proeve aa reise litt mer :-)

    Takk for tips ang alternativt garn. Alltid paa jakt etter tilskudd til garnlageret ;-)

    SvarSlett
  4. I really appreciate your professional approach. These are pieces of very useful information that will be of great use for me in future.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...